Litteraturprogram med stort spenn

– I år har vi fått på plass eit breitt tilbod til barn og unge, og det vi er ekstra glade for er at tilbodet strekker seg både geografisk og i tid.

Det seier Vibeke Stokka. Ho jobbar som programrådgivar i Kimen litteraturfestival som Vestfold og Telemark fylkeskommune som arrangerer.

Tjuvstart i Vest-Telemark
Sjølve festivalen er i Larvik 8.-12. november, men alt frå 17. oktober er Charlotte Øster i gang med forfattarturné i øvre Telemark.
– Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret står bak tilbodet «Hjarte i alle fargar» i lag med Kimen. I opplegget tar Øster opp temaet kjønn og stereotypar. Med utgangspunkt i litteratur på nynorsk, blir det fine samtaler med barn på mellomtrinnet, fortel Stokka.
Vidare går det slag i slag med action og spenning, tidsreiser og filosofiske samtalar, skriveverkstad og familiekonsertar.

Lokalt for dei unge
– Da vi skulle sette saman eit program for barn og unge, valde vi i Kimen litteraturfestival å bruke lokale forfattarar og utøvarar i år, seier Stokka. Blant dei lokale forfattarane er Frode Eie Larsen som har skrive fleire spennande seriar for barn, mellom anna «Mot & Mysterier»-serien i lag med Dag Otto Lauritzen. Til Kimen og Bølgen kulturhus kjem han 9. november med den nye boka si i serien om «Tidsfikserne».

Korleis skape spenning?
A. Audhild Solberg står på podiet i Bølgen dagen etter. Forfattaren er frå Sauland og er kjent for «Superbitchene». Ho vitjar også Porsgrunn bibliotek for å fortelje korleis ei spenningsbok blir til – ho har sjølv hausta både Bokslukerprisen og ARKs barnebokpris for sitt arbeid.

Kristine Rui Slettbakken frå Kragerø bokbadas av skulane Venstøp og Moflata, på Skien bibliotek. Boka heiter «Billie og Bo» og inviterer til samtalar om vennskap og rettferd.

Komikk for dei minste
Guandaline Sagliocco fekk Vestfold og Telemarks fylkeskulturpris i år, og fredag og laurdag i festivalveka kjem ho for å underhalde og more barn i alderen 3-7 år. Ho er kjent for sine humoristiske framsyningar, som er til både glede, overrasking og ettertanke.

– Dette er berre litt av programmet. Vi nemner også at rap-artistane Jonathan «Boss» Castro, Don Martin og Felipe Orellana Castro byr på eit opplegg kring teikneserien Blokk til blokk, fortel Stokka.

Boka «Ryddetid» blir lese opp på tre språk; ukrainsk, arabisk og norsk. Etterpå blir det ordverkstad der ein kan leike seg med å skrive dei ulike språka. Dette er tilbod som skjer i samarbeid med foreininga Leser søker bok.

Ope for alle
– I tillegg til dei inviterte klassane og barnehagane, er dei fleste arrangementa for barn og unge opne for alle, fortel arrangøren.

Konsertane i helga er også for alle. Ein festival må jo ha musikk, og laurdag blir det familiekonsert med Rasmus og Verdens Beste Band. Søndag kan du bli med inn i ei leiken musikkverd og høyre Mandarinsaft.

Sjå heile programmet for dei yngste her.

Kultur rett i innboksen?

Få med deg alt som skjer på Bølgen!

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få spesialtilbud og siste nytt.

Innhold

Snarveier

Praktisk informasjon her

Hva er åpningstidene?

Jeg vil arrangere noe!

Jeg ønsker å leie lokale!

Siste nytt fra Bølgen →