I 1952 vert den gløymde og bortgøymde steinkista til Kristina Håkonsdatter opna i klosterkyrkja i Covarrubias i dagens Spania. Kven var ho eigentleg – denne høgreiste og vakre Kristina som døyr berre 28 år gammal?
Gjennom dramatisk tekst, stemningsfull middelaldermusikk og ein historisk tapas – og noe godt i glaset på kjøpet, fortel Larvik Barokks sceneframsyning historia om Kristinas eventyrlege reise frå Noreg til Spania kor hun til slutt gifter seg med den spanske kong Alfonso Xs bror, Felipe av Castilla, i 1258.
Medvirkande
Hedda Emilie Østrem, skodespelar
Mari Askvik, mezzosopran
Ensemble Bagall, musikk
Terje J Tveit, tekst og regi