Naboen min er eit band starta av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Til konserten kjem dei som trio, og gler seg til ein leiken konsert med snert!
Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.
Bandet har gitt ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil», i tillegg til “Stjernedryss”, som er ein EP med julesongar. Musikken er mykje spelt på Radio Super, og Naboen min har også laga musikken til TV-serien “Mine ville venner” på NRK Super. For plata «Rockesock» mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.
Lytt på songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, og kom på konsert!
Passer for barn fra 4-5 år og opp.